Ryfylkeutstillinga er ei juryert utstilling for amatørkunstnarar frå Ryfylke. Denne utstillinga arrangerast av Ryfylke Kunstlag. Dersom du eller nokon du kjenner er av dei kreative og driv med kunst, kanskje dette er noko for deg eller dei? 

Ryfylkeutstillinga er ei vandreutstilling som vil turnere i frå Sauda i nord til Strand i sør og ut til Kvitsøy i vest, så her kan du få vist deg fram for heile Ryfylke.

COVID-19

Det kan komme endringar som følgje av smitteverntiltak. Oppdatert info på våre sider på Facebook og Instagram.

No items found.

Viktig informasjon

Pris

Våre utstillingar er gratis :)

Kr.

Opningstider

Ta kontakt med ditt lokale kunstlag og utstillingstader for informasjon om når utstillinga er i nærleiken av deg og når den er open for publikum.
Eller ta kontakt med dagleg leiar på: post@ryfylke-kunstlag.no

Lokasjon

  • Ryfylkebiblioteket, Finnøy
    Hummermuseet, Kvitsøy
    Suldal Kulturhus
    Spinneriet, Hjelmeland
    Rosehagen Cafe, Strand
    Ryfylkebiblioteket, Sauda