|
Ryfylke Kunstlag's utstillingar vandrar vidare
Me er no komen til midten av mars og me er godt i gong med vårens utstillingar.
Samtlige av Ryfylke kommunane har no hatt ei av utstillingane i sin kommune.
Fyrstkommande helg kjem Ingrid B Welhaven si utstilling til Kvitsøy:
Dykk kan sjå utstillinga på Fyrhusloftet:
Laurdag 31 mars frå kl.12.30 - 14.30
Sundag 1 april frå kl. 13 - 15
Dykk som ynskjer å ta turen til Kvitsøy laurdagen vil kunne treffe kunstnaren sjølv,
då ho vil vera tilstade under opninga.
I tillegg vil dykk frå kl.11.30 få med dykk nokre fantastiske kulturinnslag frå
sangkvartetten TAUS og mannskoret Hyttetu!
Velkomen til ei flott kulturhelg på Kvitsøy!
Nenad Ignjatic si utstilling fortsett i Frivillisentralen på Jørpeland
No kan dykk for fyrste gong oppleva ei vandreutstilling i regi av Ryfylke Kunstlag
i frivilligsentralen på Jørpeland.
Utstillinga heng i opningstidene til frivilligsentralen til og med måndag 9 april.
Her kan dykk oppleva eit fargeeldorado i heile 45 ulike bilete!
Velkomen til Jørpeland!


|