Ryfylkeutstillinga er ei juryert utstilling for amatørkunstnarar frå Ryfylke. Denne utstillinga arrangerast av Ryfylke Kunstlag.Dersom du eller nokon du kjenner er av dei kreative og driv med kunst, kanskje dette er noko for deg eller dei? 

Ryfylkeutstillinga er ei vandreutstilling som vil turnere i frå Sauda i nord til Forsand i sør og ut til Kvitsøy i vest, så her kan du få vist deg fram for heile Ryfylke. Neste Ryfylkeutstilling vil gå av stabelen våren 2017 og me ynskjer i denne omgang at du som kunstnar søkjer om å bli tatt ut i ei 1. juryering.

 I januar vil me ha ei 2.juryering som dei to profesjonelle kunstnarane Ingeborg Kvame og Solveig Landa vil juryere.

Du kan sende inn inntil 3 bidrag på mail innan 15 oktober.

Formata på bileta må vere maks 115X115 cm

Mail til post@ryfylke-kunstlag.no

Viktig informasjon

Pris

Våre utstillingar er gratis :)

Kr.

Opningstider

Ta kontakt med ditt lokale kunstlag og utstillingstader for informasjon om når utstillinga er i nærleiken av deg og når den er open for publikum.
Eller ta kontakt med dagleg leiar på: post@ryfylke-kunstlag.no

Lokasjon

  • Ingen aktuell lokasjon.

Pågåande utstillingar