| Masala Paintings |
|
|
|
| Skrive av Administrator |
| tysdag 24. november 2009 12:58 |
|
Garam Masala "Ei krydderblanding av kardemomme,koriander og kanel….” Indiske Nirmal Singh Dhunsi bur og arbeider i Trondheim. Han er oppteken av dagens samfunn der flyten av varer og menneske aukar. Der koplingar oppstår og grenser blir viska ut og verdsdelane blir mindre. Bak glitrande og fargerike paljettar finn ein maleriske komposisjonar av gjenkjennande figurar. Arbeidsmåten er kreativ og spennande. Nirmal Singh Dhunsi si utforsking av den vestlige sivilisasjonen opp mot sin eigen kulturbakgrunn er svært samfunnsaktuell. Også i Ryfylkekommunane der vi på ny integrerar og ynskjer nye innvandrarar velkommen. Masala er ein indisk kryddermiks der dei ulike ingrediensar er vanskelege å skilje frå kvarandre. Og som i en godt krydra rett, er det heilskapen i kunstverka som er viktigast for opplevinga.
|
| Sist oppdatert tysdag 24. november 2009 13:14 |